Karin Sveen

 
  Den kultiverte lidelse
Dritspennande om kroppens vilkår

Øystein S. Ziener - Dag og Tid - 1998

Karin Sveen har skrive eit innsiktsfullt og utfordrande essay om kroppens eksistensvilkår i våre post-eit-eller-anna 90-år, skriv Øystein Ziener

Det er ikkje sunt å skrive. Når ein skriv, sit ein ikkje berre oppe natta igjennom. Ein drikk kaffi også. Altfor mykje kaffi altfor seint. Og ein røykjer. Og da hjelper det lite om ein sit med vindauge ope slik at ein i alle fall får bortimot-frisk luft inn i rommet - slik Karin Sveen gjer når ho skriv bok om kroppens problematiske samfunnsmessige vilkår under tittelen "Den kultiverte lidelsen".

Det knirkefrie liv?
Den normative førestellinga om det sunne mennesket som er så godt som einerådande i vårt kroppsfikserte samfunn, er i alle fall ei av dei sentrale vaneførestellingane Karin Sveen set eit stort spørsmåisteikn ved. Ho får gåsehud av ordet "sunn", og ho får det med god grunn, for det sunne mennesket ber alltid redsla for sjukdom i seg. Derfor er ikkje det sunne mennesket eit avslappa menneske som trivst i seg sjølv og i verda. Det sunne mennesket er eit engsteleg menneske.

Kor kjem ho frå, spør Karin Sveen, 1990-talsmennesket si forventning om at livet skal vere knirkefritt, friksjonsfritt og smertefritt? Livet har aldri vore og kjem aldri til å bli slik. Livet er nødvendigvis også sjukdom og smerte, både fysisk og psykisk smerte.

Men det er ikkje sjukdom i eigentleg forstand Karin Sveen skriv om og vil gjere til gjenstand for debatt. Det er vår tids sjukeleggjering av kvar smerteoppleving ho rettar sitt skarpe blikk og sin skarpe penn imot. Karin Sveen underkastar denne sjukeleggjerande fortolkingsmodellen som stadig grip meir om seg, ein presis språkleg kirurgi. Ho freistar å skjere bort den infiserte ideologiske veven ho finn for å skrive fram ein kropp og eit menneske som aksepterer livet som motsetnadsfylt og problematisk - og derfor som spennande og utfordrande.

1990-talsmennesket er ikkje sjukt, hevdar Sveen. 1990-talsmennesket er sjukleg både i eigen og i samfunnets forståing av det. Dei samansette, diffuse og uhelbredelege symptom-bileta vert fleire og fleire. Ropet på ein diagnose vert stadig høgare, og det såkalla behandlingsapparatet vert større og større. Den moderne sjukeleggjeringa av mennesket har vorte lukrativ forretning, beint fram big business, for travelt har dei det, alle homøopatane, akupunktørane, kinesologane, soneterapeutane, legane - og alle dei andre som overlever på andre menneske si redsle for undergangen. Avstanden til fortidas "doktor" har vorte større ein stor. Livsstilssjukdommen kan i seg sjølv verte livsstil.

Ideologisk gørr
Det er denne paradoksale logikken, denne vonde sirkelen, Karin Sveen ønskjer å stikke hol på med pennespissen sin for at livet sjølv skal få kome til orde. (Ja, eg veit at metaforen er forelda og sliten. Sjølvsagt skriv Karin Sveen på PC, men kven kan stikke hol på noko med eit tastatur og ein skjerm?) Og Karin Sveen stikk presist. Ho ser dei betente punkta og ho set inn støyta sine der. Ho stikk så den ideologiske gørra tyt ut over boksidene. Ho skriv ikkje eit ord for mykje. Ho skriv ikkje eit ord for lite. Ho skriv pregnant. Ho skriv i det vanskelege balansepunktet mellom den teoretiske prosaen og den skjønnlitterære teksten som får hennar eigen tekst til å vibrere, vibrere slik den gode teksten skal.

Det er uråd ikkje å verte rørt av Karin Sveens refleksjonar omkring Den kultiverte lidelsen - også pinleg. Refleksjonane hennar er så presise at dei ikkje berre får lesaren til å fryse på ryggen av fryd. Dei tvingar han også til ettertanke, til det som vert kalla sjølvkritikk. Det gjeld både den profesjonelle og høgt honorerte behandlaren og den potensielle pasienten.

Ut mot livet og språket
Den kultiverte lidelsen er ei spissfindig utfordring av ei bok. Ho er det fordi ho utfordrar lesaren til å gjere sitt eige ideologiske oppreinskingsarbeid i meir eller mindre infiserte og grumsete førestellingar om eigen kropp og eige liv eller om ein vil: sin eigen tvilsame allmenntilstand. Ho er ei bok som får lesaren til å klø seg i hovudet og rumpa på ein og same gong. Ho er ei bok som strekkjer seg ut mot og som vil dialogen og livet - og derfor også språket. Derfor er ho ei viktig bok. Med Den kultiverte lidelsen syner ikkje Karin Sveen seg berre som ein gjennomreflektert kroppsteoretikar som kanskje kan utfalde seg i enda større format seinare. Utan å heve så mykje som ein moralistisk veslefinger har ho med sin fornuftsstridige logikk også gitt lesarane eit nødvendig korrektiv i ei tid som gjerne vil sjukeleggjere det meste og dei fleste av oss, og der denne sjølvmedlidande sjølfortolkinga kan vere ei freisting det er vanskeleg å stå imot.

- Eg lid, sa den svenske forfatteren Sven Delblanc visstnok ein gong, av ein seksuelt overførbar og dødeleg sjukdom, nemleg livet. Slik kan det også seiast.

Dritbra, Karin!

 
  Biografi     Oppdrag     Bibliografi     Forside
 
 

Kopirettigheter © Karin Sveen

Design Kihl