Karin Sveen

 
  Den reddende engelen
Pubertet under ein hedmarkshimmel

Øystein Ziener - Dag og Tid - 1984

"Hedmarkingar pleider å helsa i handa." seier a'Marje til Oslo-frua fru Frank Glad i Karin Sveens roman "Den reddende engelen". Trass i at Karin Sveen sjølv har flytta til Oslo og vorte "byfrøken", står ho framleis med føtene godt planta i hedmarksjorda i denne romanen, og det er fast og trygg grunn ho står på.

I forfatterskapen sin har Karin Sveen systematisk gått vegen frå die korte til die lengre tekstane. Ho debuterte som lyrikar, og først etter tre diktsamlingar freista ho prosaen i novellas form før ho gav seg i kast med eit noko større episk format i den vesle romanen Utbryterdronninga. Som det mest omfangsrike verket frå Karin Sveen si hand representerar årets roman anta Den reddende engelen både siste trinnet i denne utviklinga og eit gjennombrot for romanforfattaren Karin Sveen.

Samstundes er novellelisten med sin sans for den fortetta og uttrykksfulle einskildsituasjonen til stades i denne romanen som lever i spenningsfeltet mellom ein noko laus heilskapleg komposisjon og stramme scenar Dette novellistiske draget nyttar Karin Sveen som ein stor styrke og ofte tause hedmarkske veremåten.

Idyll eller hard røynd?
I Den reddende engelen let Karin Sveen sin hovudperson, a Marje, sjølv minnast og fortelje frå oppveksten sin. Tida er slutten av 50-åra, staden ett arbeidarstrok i Hamar. I dette miljøet der folk bur tett på kvarandres liv vert menneska med nødvende deltakarar i kvarandres liv, og Sveen skildrar det med både som eit frodig og fargerik verd med både sine varme og kalde sider.

Desse menneska lever med ein fysisk nærleik til omverda og med eit sjølvsagt tilhøve til det livet måtte by på, som gir det ein seig styrke og eit fast overlevingsevne. Og bak eit kvardagsleg og grått ytre kan det gøyme seg uante skattar. I Karin Sveen si verd er det mykje poesi i ei "kakuskive" med pultost.

Denne poetiserande tendensen i skildringa av dei lågare sosiale laga rommar faren for ei nostalgisk idyllisering av harde fortidige livsvilkår, men Karin Sveen har opne auge også for livsøydeleggjande krefter både i og utanfor dette miljøet. Saman med den positive nærleiken mellom menneska finst her grobotn for valdsbruk, alkoholisme og kriminalitet, og forfattaren legg ein klar sosial tendens inn i skildringa. I si djupe forståing for einskildmennesket let ho likevel nesten alltid individet gå fri frå skuld, og trass i ei viss latterleggjering vert denne medlidande holdninga også overklasse- og innflyttarjenta Cecilie til del når ho finn seg einsam i ei verd verd der ho ikkje høyrer heime.
Med sin solidaritet med dei svake er det framfor noko mennesket som offer Karin Sveen vil framstille - småkårsfolk, kvinner og born, alle dei som ikkje har kontroll over omstenda kring sitt eige liv.

Ekkoet frå Jante
Karin Sveen kjenner tenkjemåten blant personane sine til botnar, og let holdningane deira kome til syne sjølv i den minste handlinga eller replikken, som når faren full av omsorg seier til Marje: "For du er itte stortmænnsgæern, du?" Trass i den sterke samkjensla utøver det gjennomsiktige miljøet eit press på menneska der normen er at ein skal finne sin plass og halde seg der, ikkje stikke seg ut på noko vis, og der skamma er straff for dei som freistar overskride grensene.

Karin Sveen har ein viss kritisk distanse til dette undertrykkjande konformitetspresset samstundes som ho er årsakene til at det oppstår. Ho kan derfor utlevere personane sine, og det kjem aldri til noko klart oppgjer med det ekkoet frå Jante som faktisk heng att i veggane i dette arbeidarstroket. Det er ikkje opprørstrong men innsikt i eit sosialt normsystem forfattaren vil formidle.

Poesien som overlevingsstrategi
Det er kvardagslivet med alle sine trivielle gleder og små nederlag Karin Sveen gjer levande og synleg i Den reddende engelen. Den passeleg mislukka og veslevaksne jentungen Marje og den syltynne bror hennar, "Myggen", opplever ikkje dei store og dramatiske hendingane, og faktisk er det slik at jo mindre og meir ubetydelege opplevingane deira er jo betre skriv Karin Sveen og jo meir dreg ho på sin store kunnskap om stoffet og personane sine.

Dei tradisjonelle ingrediensane pubertetsskildringa, den gryande seksualiteten og den første menstruasjonen, er med, men større inntrykk gjer det når Myggen må dra på turntrening med ei nattdrakt i veska eller gleda over å få tak i noko så eksotisk som autografen til ein svenske!

Slik det finst ein indre rikdom i den materielle fattigdomen, kvelar sin vakker hedmarkshimmel seg over på den grå kvardagen og sender eit poetisk overlys fullt av sol, luft, draum og englar ned over skildringa. Draumen er ei trøyst som gjer livet til å bere når det elles vert for tungt og vondt, og Den reddande engelen framstår alt med sin tittel som eit forsvar for poesien og fantasien som ein naudsynt lekk i mennesket sin overlevingstrategi.

Poesi og prosa
Karin Sveen har utvikla sin eigen personlege og dialektfarga prosa, og med denne språklege reiskapen får ho fram viktige særdrag ved åtferda til hedmarkingen når han unngår å setje ord på mangt og mykje og berre let det klinga med som underliggjande tydingar, eller helst let handling vere det mest uttrykksfulle språket. Denne stilla menneske imellom kan gjere det vanskeleg å vere barn som skal orientere seg i tilveret: "Uansett å vi gjør eller ikke gjør, blir det gæli, sa Nina."

Og i alle sine poetiseringar er Karin Sveen heile tida konkret. Forutan alle dei småpussige situasjonane skaper ho med sine mange overraskande samanstillingar også ein språkleg humor og sjarm som tek brodden av mangt eit svært så direkte uttrykk som lett kunne ha virka berre vulgært. Innimellom kan denne tendensen til heile tida å konkretisere det abstrakte, ofte med "som om-setningar". Likevel verte nok plagsamt påtrengjande.

I Den reddende engelen set Karin Sveen klare grenser for eigne ambisjonar. Ho vil skildre ein oppvekst og ett lokalmiljø. Denne målsettinga har ho meir enn store nok ressursar til å oppfylle og ho har gitt oss ein god, gjennomarbeidd, varm og livsnær roman som eignar seg både for den vaksne og den yngre lesaren.

 
  Biografi     Oppdrag     Bibliografi     Forside
 
 

Kopirettigheter © Karin Sveen

Design Kihl