Karin Sveen

 
  Kroppens sug, hjertets savn
Sug og savn

Karin Sveen: tekst      Lill-Ann Chepstow-Lusty: foto

Oddmund Hagen - Adresseavisen - 1985

Å la kroppen spegle sosial og kulturell bakgrunn, er eit av dei plagsamme fenomena som har følgt mennesket opp gjennom historia. I eit samfunn med altfor lite mat, var det å vere feit markering av status. I eit samfunn med altfor mykje mat blir det å vere slank idealet. Psykologien bak er enkel som ein sjablong: Den slanke lar seg ikkje friste, viser måtehald, karakterstyrke, har stor sjølvtillit og kan knuse den overvektige berre ved å ta av seg skjorta. Og det slanke idealet nektar seg ingen ting, men lar seg avbilde i dei mest usunne og fråtsande i alt frå konfekt- til majonesreklame til pyntelig påminning om å bruke prventivar. Under slike daglege bombardement vil den overvektige sjølsagt forskanse seg bak matfatet i eit desperat selvforsvar om han eller ho (helst ho) ikkje i rein overgjeving og sjølutslettande lojalitet mot reklamebyråa går bort og kjøper slankekost, slankekurs, slankebelter, tjukke slankebøker og til slutt teiknar medlemskap i ein syltynn slankeklubb som blir driven ut frå den tvilsomme tanken at det er noko gale med medlemsmassen. I staden for å fylke seg bak slagordet "Big is beautiful" ender alle tjukkasar som forskremde enkeltindivid mot hopen av slanke kjekkasar, og i sine lønnkammer kjenner dei kroppens sug og hjertets savn meir nærværande enn sine slankesøstre og brør.

Eller gjer dei eigentleg det? Eg trur fotograf og forfattar med denne boka sprenger slike grenser og seier noko allmenngyldig om kroppen og hjartet i ei sterkt kropps- og forbruksorientert tid. Det er ikkje fedmen i seg sjølv som er problemet, den er ikkje anna enn eit synleg (og pinleg?) symptom på den rastlause leitinga etter kontakt, varme, vennskap, lykke i ei tid som har forkludra alle slike verdiar og ikkje tilbyr anna enn surrogat både i lyst og nød, sjølv erotikken er redusert til eit måltid fast food det ikkje finst ein einaste ekte ingrediens i. Einsemda, framandgjeringa og den sosiale utryggleiken er sjølve drivkrafta i den moderne samfunnsamekanikken og alle gjer kva som helst for å tilpasse seg og trur det har noko med fridom og eigne val å gjere. Hungeren etter eit autentisk liv, etter samanheng og faste haldepunkt i tilværet blir metta i det skjulte, og i staden for å minske, aukar avstanden mellom kroppen og hjartet:

Første gangen
du spiser alene,
spiser du fordi du er sulten.
Hundre ganger senere
er du sulten
fordi du er alene.

Det er denne problematikken som er tatt opp i Sveens dikt og aforismar og i Chepstow-Lustys fotografi, krast og dinkte, dristig og ærleg, humoristisk og med varme og distanse på same tid. Framfor alt er det ei bok som gir menneskeleg innsikt og sjølvforståing både på det personlege, intime planet og på ett breiare sosialt plan, og om det ikkje er til oppgjer med kroppskulturens snevre og sjølvtilfredse ideologi, er iallfall boka å lese som ein kraftig kritikk og ironisering over det såkalt vellukka ved at synspunktet konsekvent ligg hos dei som blir definerte og sjølv definerer seg som mislukka: "Etter mange års leting/har jeg funnet meg selv./Nå prøver jeg å spise meg/innpå meg." Boka ender i ein slags visjon om at tyngdekrafta blir oppheva ved at ein våger å fly, ein allusjon til Enrica Jongs boktittel "Jeg tør ikke fly", kanskje også med eit ekko av "Den stygge andungen".

Bildene i boka er fantastiske, rike på overraskande innfall. Uvante vinklar, spontanitet og ekte livsglede, og eg meiner bestemt at billedmaterialet er ein sterkt medverkande årsak til at boka alt er selt til England, USA og Sverige.

Det er ikkje til forkleinelse for Karin Sveens språklege bilder, det er snarare slik at dikt og biide utfyller kvarandre på ein framifrå måte. I frykt for å bli panegyrisk stansar eg her, men kan ikkje dy meg for å ta med eit einaste dikt til slutt:

Det som henger og
slenger så stygt
og disser og dasser så ekkelt
når jeg rører meg,
det er drømmene mine det, du

Med eit slikt utgangspunkt kan sjølv julegrisen sjå slaktaren trygt i augo og be om respekt!

 
  Biografi     Oppdrag     Bibliografi     Forside
 
 

Kopirettigheter © Karin Sveen

Design Kihl

 

Design Kihl